Mæl i Vestfjorddalen i Telemark.    Foto: M. Skøien


LOKALHISTORIE

Om Telemarks eldste busetnad veit me at det allereie i yngre steinalder har vore folk oppe i områda Tinn, Rauland og Vinje, der det er funne pilespissar og flintdolkar. Naturen i Telemark skifter frå kyst og skjergard, over flatbygder og store skogar til bratte fjell og vide heiar. Og det er dette spennet i geografi, i natur, i miljø og kultur som gjer Telemark til noko for seg sjølv, og som rettferdiggjer klisjeen Noreg i miniatyr.

Medan historia i nedre Telemark er knytt til kystkultur og by-samfunn, speglar Øvre Telemark i stor utstrekking att lokalhistoria si i fjellbygd-kulturen. Nokon framståande rolle i den norske rikshistoria har Telemark ikkje spela sidan det låg avleies.

Derimot kan Telemark vera stolt av industrihistoria si. Takka vere god tilgang til fossekraft, var det i dette området at industrieventyret fann stad like etter 1900, og det vart gjort oppfinningar som endra verdshistoria. Mangfaldet i Telemarkhistoria blir spegla att i den rike floraen av lokal litteratur som er gjeven ut i fylket.