Vinterstemning ved Vaddås i Flatdal.












KULTUR

Få fylke i Noreg kan vise til same breidda i kultur som Telemark. Alt frå rosemåling og treskjerarkunst, til bygningskunst og litteratur. Spesielt i Øvre Telemark, i dei mange bortgøymde dalføra vart dei hundreårgamle kulturane tekne godt vare på og er bevarte fram til vår tid.

Spesielt har Telemark ein rik segn- og folkevisetradisjon, og mange av dei kjende norske folkevisene og eventyra vart samla inn i Telemark. Ein må òg framheva Telemarkstabburet, som med ornamentikken og treskurden representerer noko av det ypparste innan bygningskunsten.

Blant våre folkedrakter er Aust-Telemarksbunaden framheva som ein av dei flottaste. Her må nemnast at den òg er favoritt i kongehuset vårt. Fleire av våre mest kjende spelemenn er fostra i Telemark.